Suldal kommune logo

Søk på stillingen

Stillingstittel
Avdelingsleiar barnetrinn
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Adresse
Rygjatunvegen 2
Sted
Sand
Søknadsfrist
14. oktober 2024

Tilbake til jobbsøk

Ønskjer du å bidra til ein positiv skulekvardag for våre elevar?

Avdelingsleiar barnetrinn

Sand skule har rundt 300 elevar fordelt på 14 klassar frå 1. til 10. trinn. Skulen sin visjon er å skapa eit læringsmiljø med tydelege vaksne, god struktur, sterke relasjonar og trygge elevar som er rusta for livet. Som medlem av den ideelle organisasjonen MOT, satsar me på programma “Robust ungdom” og “Skulen som samfunnsbyggjar” for å byggja ein varm og trygg skule. Me følgjer prinsippa om å vera i forkant, ansvarleggjera kulturbyggjarar, forsterka det positive og sjå heile mennesket.

Som avdelingsleiar for barnetrinnet vil du ha ansvar for den daglege drifta og utviklinga av barnetrinnet, inkludert SFO-ordninga og oppfølging av minoritetsspråklege elevar og velkomstklassar. Du vil leia og støtta lærarane, sikra elevane sin trivsel og læring, og bidra til skulen si kontinuerlege forbetring. Som ein del av skulen sitt leiarteam vil du vera ein viktig bidragsytar til skulen si heilskaplege utvikling.
 

Arbeidsoppgåver

  • Støtta lærarane i pedagogisk arbeid og rettleia for å sikra høg kvalitet på undervisninga
  • Sikra elevane sin trivsel og læring, samt handtera elevsaker for å oppretthalda eit trygt og positivt miljø
  • Leia og administrera avdelinga sine ressursar for å sikra ein effektiv og godt organisert skulekvardag
  • Vera ein viktig kontaktperson for foreldre og sørgja for god kommunikasjon mellom heim og skule
  • Implementera nye metodar og prosjekt for kontinuerleg forbetring av rutinar og praksis
  • Samarbeida med rektor, leiarar og fagpersonar for å nå skulen sine mål og forbetra læringsmiljøet

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Pedagogisk utdanning og erfaring som lærar eller i ei leiande stilling innan grunnskulen
  • God lagspelar med evne til å balansera autoritet og relasjonsbygging med elevar, tilsette, foreldre og samarbeidspartnarar
  • Dyktig pedagog som bidrar til å utvikla, rettleia og setja retning for læringsmiljøet
  • Effektiv brukar av digitale verktøy og plattformer for undervisning og administrasjon
  • Sterke kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag, med evne til å prioritera og organisera arbeidsoppgåver


Hos Sand skule vil du møta faglege og personlege utfordringar i eit inspirerande og støttande arbeidsmiljø. Du vil bli ein del av eit engasjert og dyktig kollegium som jobbar saman for å sjå heile eleven og byggja eit sterkt samfunn rundt dei. Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, samt bedriftshelseteneste. Skulen har kome langt i å utvikla laget rundt eleven og fungerer som ein viktig samfunnsbyggjar. Me er raske til å ta avgjerder som er til det beste for elevane, og me har eit sterkt leiarteam som støttar kvarandre. Du vil få god støtte og moglegheita til å bidra til skulen si positive utvikling.


For meir informasjon om stillinga, kontakt Trine Klinkenberg tlf. 913 69 010 eller Tom Monclair Larsen tlf. 982 95 141 i Personalhuset.
Du kan også kontakta rektor, Jorunn Hoås tlf. 915 74 334 ved Sand skule.




 

Om arbeidsgiver

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rikt på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å vera ein nyskapande arbeidsgjevar som omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa eineståande tenester. Me søkjer alltid dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her finn du også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Kontaktperson(er)

Trine Klinkenberg

Trine Klinkenberg

Avdelingsleder
Trine.Klinkenberg@personalhuset.no
+4791369010
Tom Monclair Larsen

Tom Monclair Larsen

Direktør Search & Selection
tml@personalhuset.no
+4798295141