Sykkylven kommune logo

Søk på stillingen

Stillingstittel
IT- og digitaliseringssjef
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Adresse
Kyrkjevegen 62
Sted
Sykkylven
Søknadsfrist
21. oktober 2024

Tilbake til jobbsøk

Innovativ og framtidsretta innen digitalisering? Vi treng deg!

Tankar om Sykkylven kommune sine framtidige behov innen digitalisering?

Vår noverande IT-leiar har gått over i ny stilling i vår organisasjon, og vi søkjer difor etter ein ny IT- og digitaliseringssjef. Offentleg sektor er inne i ein digital transformasjon som vil vere avgjerande for å kunne yte gode tenester til innbyggjarane våre. Sykkylven kommune ønskjer difor å vere innovative i bruk av sine IT-løysingar, samstundes som våre strategiske val er basert på nasjonale føringar og bruk av nasjonale felleskomponentar.

IT-teamet står for dagleg drift og forvaltning av lokal infrastruktur, kommunikasjonsløysingar og fagsystem. I tillegg står vi for utvikling og tilpassing av standard løysingar i eigen regi eller saman med eksterne leverandørar. Dette er ei stilling som jobbar tett saman med kommuneleiinga og andre i organisasjonen. IT-teamet har fleire stillingar, og vi er medlem i Digi Møre og Romsdal. Området er under kontinuerleg utvikling, og det kan vere aktuelt med utvida samarbeid med andre kommunar.

Vi tilbyr:

  • Spanande og interessante oppgåver i eit godt arbeidsmiljø: Du vil få moglegheita til å jobbe med varierte og utfordrande oppgåver i eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø, og med god stemning på rådhuset.
  • Eit kompetansemiljø: Vi er ei kompetansebedrift, og har til saman mykje forskjellig fagkompetanse. Kommunen er opptatt av å sjå framover for at tenestene vi tilbyr heile tida skal bli betre. Digitalisering er ein viktig og stor del i dette.
  • Løn etter avtale og obligatorisk tenestepensjonsordning i KLP: Konkurransedyktige vilkår som reflekterer di erfaring og kompetanse og ei pensjonsordning som gir deg økonomisk tryggleik i framtida.
  • Gode forsikringsordningar og gunstige låneordningar: Omfattande forsikringsdekning som sikrar deg og dine næraste, og tilgang til fordelaktige låneordningar gjennom kommunen.
  • Gratis parkering: Enkel og kostnadsfri parkering ved arbeidsplassen.
  • Nærleik til eit eldorado for friluftsliv: Fantastiske tilhøve for friluftsaktivitetar rett utanfor døra. Er du glad i natur, fjell og ski, har vi alt du treng.
  • Ingen kø-køyring til jobben: Slepp stresset med kø-køyring og nyt ei behageleg reise til og frå jobb.
  • Kort veg til og frå Ålesund: Mange yrkespendlere begge veger.
  • Fantastiske fasilitetar i Sykkylven: Sykkylven har ein splitter ny barneskule, full barnehagedekning og full fastlegedekning. Sykkylven har eit rikt og variert tilbod av fritidsaktivitetar, både innan idrett, kultur, frivilleg arbeid og friluftsliv. Det er korte avstandar innad i kommunen, uansett kvar du bur. 


Arbeidsstad: Stillinga er organisatorisk plassert i Stab, med noverande kontor på rådhuset. Rådhuset ligg i Sykkylven sentrum, med gåavstand til butikkar og kafear. Vi har fire el-syklar som alle tilsette kan bruke, både på jobb og fritid.


Arbeidsoppgåver:

Sykkylven kommune satsar på digitalisering og det er et satsningsområde frå kommunedirektør. Som IT- og digitaliseringssjef i Sykkylven kommune vil du dermed ha ei sentral rolle i utvikling og oppfølging av fagområdet, både mot brukarar og strategisk mot kommuneleiinga. Budsjett og øknomioppfølging i tett samarbeid med Stabssjef. Du vil fungere som pådrivar for tenesteområda og delta aktivt i prosjekt. I tillegg vil du og teamet bidra i anskaffing og kravspesifisering ved innkjøp av teknologi og IT-løysingar, samt sørgje for dokumentasjon og planarbeid. Du vil representere Sykkylven kommune i eksterne samarbeidsfora. Vi har plassert ansvar på ulike stillingar i avdelinga, og IT- og digitaliseringssjef vil leie det faglege arbeidet i IT-avdelinga


Personlege eigenskapar:

Vi ser etter ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og handlekraftig person som er god til å kommunisere. Du bør vere serviceinnstilt og positiv, samt ha ein innovativ og løysingsorientert tilnærming til utfordringar. I tillegg er det viktig at du har evne til å tenkje strategisk og heilskapleg, for å kunne bidra til kommunen si vidare utvikling.

Kvalifikasjonar: 

Vi søkjer deg som har kompetanse til å vere innovativ og forstå organisasjonen sine framtidige behov.

  • IT-utdanning på høgskulenivå.
  • Erfaring og praksis kan kompensere for utdanning.
  • Kunnskap og erfaring om prosjektleiing.
  • Økonomikunnskap.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg.
  • Praksis/erfaring innan offentleg sektor er ein fordel, men ikkje eit krav.


 

Om arbeidsgiver

Sykkylven kommune ligger i hjertet av Sunnmørsalpene, omgitt av vakre fjorder og majestetiske fjell. Kommunen har omtrent 7,700 innbyggere og er kjent for sitt rike kulturliv, aktive idrettsmiljø og sterke næringsliv. Sykkylven tilbyr et godt utbygd barnehage- og utdanningstilbud, inkludert videregående skole. Kommunen er også kjent for sin innovative og vennlige tilnærming til utvikling og planlegging, med en solid forankring i lokal historie og tradisjoner. Sykkylven ligger nær Moa, som har Norges største kjøpesenter, og Ålesund by, som er bare 40 minutter unna med bil eller ferje. Området byr på fantastiske friluftsmuligheter, inkludert Sunnmørsalpane skiarena og Fjellsetra friluftsområde

Kontaktperson(er)

Linda Henriksen

Linda Henriksen

Avdelingsleder Personalhuset
linda.henriksen@personalhuset.no
+4796625527
Synnøve Hunnes

Synnøve Hunnes

Stabssjef i Sykkylven kommune
synnove.hunnes@sykkylven.kommune.no
+4790140282