
Triveleg og veldriven skule på Hovden treng ny rektor
Midt i vinterdestinasjonen Hovden finn du Fjellgardane skule. Han er ein få-delt barneskule og rommar drygt femti elevar i godt utrusta lokalar.
Her er Rønnaug Torvik rektor fram til ho tek eit steg attende til ei kort AFP-tilvære, og så som pensjonist. Ho har eit bankande hjarte for skule og bygd, og ser fram til å få ein dugande erstattar til det komande skuleåret.
Fjellgardane skule
– Å bu midt i eit friluftparadis vil eg tru kan freiste mange, seier ho. – Det pregar sjølvsagt òg skulen vår, blant anna har me utedag ein gong i veka. Skisport, turar og landskap er ein viktig del av identiteten vår, på same vis som lokalkulturen er det. Ikkje for ingen ting har folkemusikken i Setesdal kome på Unesco si liste for verdskulturarv!
Kultur og fagleg fornying
I forlenging av utmerkinga frå Unesco vart prosjektet Gorrlaus skipa, under leiing av sjølvaste Annbjørg Lien. – Det er eit prosjekt skulen er sterkt involvert i, og ein fin måte å styrka kjensla av å høyre til på. Gorrlaus er i høgste grad praktisk innreidd, slik at ungane får prøvd seg på ulike uttrykksformer, inkludert dans og instrument.
Den avtroppande rektoren er elles stolt av arbeidet ein har lagt ned for å tilpasse undervisninga til fagfornyinga i skuleverket. – Her har me kome langt, godt hjelpne av at kommunen har gjeve oss økonomisk armslag. Me får dei læremidla me treng, og teknisk er me oppe og går, med digitale tavler i alle klasseromma og nettbrett til kvar elev.
– Eg vil òg nemne det fylkeskommunale READ-prosjektet, eit tiltak for å auke leseinteressa, seier Torvik. – Det er eit godt døme på dei mange verktøya me har å støtte oss til. Kommunen lyttar til oss og er god på tverrfagleg samarbeid. Bykle disponerer attpåtil ein skulefagleg rådgjevar i full stilling. Det høyrer med at rektor har fast plass i kommunedirektøren si leiargruppe, og tek del i jamlege tverrfaglege samlingar.
Pedagogisk driv
– Me ynskjer oss ein rektor som kan trivast i bygda, og har sansen for å bu og virke i ei turist-grend, held Torvik fram. – Men fyrst og fremst ser me etter dei som har lyst til å drive skulen vidare i det gode sporet som er lagt. Målsettinga vår er å vere i takt med det som skjer i undervisningssektoren, og vel så det. Det tykkjer eg me har greidd til no.
Torvik peikar på potensialet i ein skule med god tilgang på ressursar og eit overkomeleg tal på elevar. – Her har du verkeleg høvet til å forme ein pedagogisk praksis som får fram det beste i elevane. Eg voner me kan hanka inn ein drivkraft for vidare utvikling av så vel skulen i seg sjølv, og som del av ei stolt kultur-bygd.

Støttande kommune
I likskap med noverande rektor er Kommunedirektør Karina Sloth òg spent på å møte kandidatar. – Skulane er avgjerande for trivsel, kulturrøkt og busetting i strok som Bykle. Me har eit godt utgangspunkt for å halde fast eit høgt pedagogisk nivå, ikkje minst av di me har skigymnaset her. Me dreg òg vekslar på det interkommunale samarbeidet, og rutinane for individuell oppfølging av barn og innbyggarar haustar lovord.
Sloth vil gjerne få fram at Hovden ikkje berre er fjell, alpinidrett og fråvære av støy og trafikk. – Hovden har gode offentlege og kommersielle tilbod, og når turistane kjem, er det ein fin eim av urbanitet her. Det er ikkje umogleg å nyte kaffelatte på Hovden, for å seie det slik. Vekslinga mellom rolege dagar og livet i alpin-fasilitetane er noko me set pris på.
– Kommunen er elles til hjelp med flytting, bustad og andre behov for nøkkelpersonell som vel å busette seg i Bykle, seier Sloth. – I ein kommune med snautt eit tusen innbyggjarar er det særs viktig å vere på same lag i eit ope og ærleg miljø. Vert du tilsett her, lovar me å gje trygge og gode rammar for stillinga, i tillegg til dei klåre fordelane Setesdal byr på!